TV-aksjonen 2026

Kvart andre sekund flyktar eit menneske frå krig og konflikt.

Saman for menneske på flukt – gi ein trygg stad å sova

Over 120 millionar menneske er på flukt frå krig, konflikt og forfølging. 40 prosent av dei er barn. Kvart andre sekund må eit menneske forlata heimen sin på grunn av krig og konflikt.

Årets TV-aksjon går til NRC Flyktninghjelpen, som hjelper menneske på flukt i nokre av verdas verste kriser.

Pengane skal gi tryggare og betre buforhold for menneske i Gaza, DR Kongo, Sudan, Syria, Tsjad og Afghanistan.

💙 100 kroner kan gi 100 murstein
💙 350 kroner kan gi tepper til tre barn
💙 3000 kroner kan gi eit telt

Heltar

Bøsseberarane er dei ekte heltane i TV-aksjonen. I fjor samla dei inn heile 64 millionar kroner. Ei bøsse samlar i snitt inn 2300 kroner – og kvart bidrag betyr noko.

Bli med og gjer ein forskjell! Meld deg som bøsseberar til kulturkontoret; jarhav@bokn.kommune.no - tlf. 98 22 15 08.

Saman kan me gi menneske på flukt ein tryggare stad å sova.