
Atlas-alliansen
Sidan 1974 har TV-aksjonen (TVA) samla inn heile 13,9 milliardar kr. I år går TVA til Atlas-alliansen, som skal opna dører for funksjonshemma som lever i krig og fattigdom. Saman skal me gi nødhjelp, utdanning og høve til eit betre liv.
1,3 milliardar menneske i verda har ei funksjonsnedsetjing. Mange av desse lever i fattigdom og har ikkje same tilgang til utdanning, helsehjelp og arbeid som andre. I krigs- og konfliktområde er livet ekstra vanskeleg for funksjonshemma, og væpna konflikt fører til at fleire blir skadde. I Palestina risikerer ein heil generasjon barn å veksa opp med alvorlege funksjonsnedsetjingar på grunn av krigen.
Dette går pengane til
Pengane frå TV-aksjonen skal gå til skulegang, helsetenester og nødhjelp, og dessutan hjelpemiddel som skulebøker med punktskrift, rullestolar og protesar. Me skal gi 200 000 menneske med funksjonsnedsetjingar og familiane deira i Palestina, Ukraina, Etiopia, Nepal, Tanzania, Uganda og Zambia eit betre liv.
Stiftelsen Atlas-alliansen er en paraplyorganisasjon for åtte organisasjoner av og for funksjonshemma:

Vil du vera med på TVA?
Fleire bøsseberarar er allereie klare, men det er plass til fleire. Interesserte kan ta kontakt med Jardar på kulturkontoret, tlf. 98 22 15 08. Etter kvart kan du også registrera deg på tvaksjonen.no