Leiar av årets 17. mai-komité, Rannveig F. Øvrebø, håpar me kan få trommer i 17. maitoget.
Stor slagverkgruppe på nasjonaldagen i 2018: fv. Odd Grønnestad, Egil Ognøy, Annstein Vik, Wolfgang B. Ognøy, Konrad Nilssen, Tomas Alvestad, Eskil Bokneberg og Sofie Øvrebø.
Bianca Alvestad
Har du vore trommis før? Då håpar me du vil vera med og gi toget takt og stemning gjennom bygda. Dette skal vera med låge skuldre og fokus på at det skal vera kjekt - ikkje perfekt. Sleng deg på!
-Me blir glade for kvar og ein som vil vera med, seier komitéleiaren.
Interesserte kan ta kontakt med Anne Tove Øvrebø - tlf./sms: 900 31 518
Publisert av Jardar Havikbotn
Publisert 05.03.2026 15.32