Trekking av postkassebøker

Vinnarane blant dei som i 2024 skreiv seg opp i postkassebøkene ved 10 turmål i Bokn, er klare. 

Bildet viser eit parti frå turstien til Ådnanes. - Klikk for stort bileteFrå turstien til Ådnanes. Armand Svendsen

Bokn kommune oppfordrar til eit aktivt friluftsliv, og har lange tradisjonar med å trekka premiar blant dei som skriv seg opp i bøkene. Det blei pause i ordninga då koronapandemien gjorde entré i mars 2020. Nå har fleire sporty personar sørga for at me har fått trekt ut namn i samtlege turbøker, og kan halda fram med denne folkehelsetradisjonen.
 

Postkassetrekking
TURMÅLNAMN I BOKA I 2024VINNARAR
Boknafjellet3 111Brit Holberg
Boknahåve141Jacob Larsen
Hognåsen160Anja Aksdal Knutsen
Håklepp83Rakel Alvestad
Kjeøya77Jens Nilssen
Klepphaugen53Amy Berge, Aksdal
Kongsbu1 272Saga Eide Høyland
Turstien943Kjellaug Marie Skår
Vardafjellet1 097Jostein G. Larsen
Ådnaneset152Christine B. Christiansen


Trekkingar er utførte av Grethe Heimvik, Anne-Beth Steinsnes, Gro Sørensen, Sonja Mikkelsen og underteikna.

Gratulerer til alle vinnarane! Dei blir i løpet av dei nærmaste vekene kontakta om gåvekort a kr. 500 ved sportsbutikk på Haugalandet.

Stor takk til Sonja Mikkelsen, Jostein G. Larsen, Anita Kro, Anette Våga, Veslemøy Våga, Janne Mæland og Birger Lindanger for henting/utlegging av bøker - og til alle turgåarar som gjennom året gir beskjed når ei postkassebok må byttast ut!