Togrute-endring

Folketog-start ved kyrkja. Her frå Frigjeringsjubileet i 2014.Etter tre år med togstart i Alvestadkroken, vil folketoget på 17. mai gå frå kyrkja, slik det gjorde i perioden 2006-2015.

Frukost?

Det kan også bli endring i morgonprogrammet. Dei tre siste åra har 8. kl. stått for frukost-tilbod på sjøhuset til Lars Magnus Alvestad. Det blir det ikkje i år, men sjøhuset er disponibelt dersom andre (lag/organisasjon/private) kan tenka seg å oppretthalda eit slikt tilbod. Interesserte kan ta kontakt med kulturkontoret, eller leiar av 17. mai-komiteen, Per Helge Sunde.

Togstarten frå kyrkja heng ikkje saman med frukost eller ikkje, men er eit resultat av for lang rute. Kapproinga vil gå som normalt ved hamna i Alvestadkroken.

Les også
17. mai-talar

Endeleg program for dagen blir kunngjort andre veka i mai.