Temamøte beredskap

Mange kjenner uvisse, bekymring eller uro. Nyheitene er fulle av meldingar om krise og krig. Styresmaktene seier at me må førebu oss. Men kva skal me førebu oss på – og korleis?

For å møta noko av informasjonsbehovet, arrangerer Bokn kommune i samarbeid med Sanitetskvinnene og Røde Kors eit ope temamøte måndag 27. oktober klokka 18. Det skjer i auditoriet på Bokn skule.
Det blir eit godt høve til fagleg påfyll. Og til å stilla spørsmål. Du får møta distriktssjef Mariann Svanes frå Sivilforsvaret og politikontakt Jostein Salemonsen. Dei vil innleia om kva me treng å førebu oss på og korleis me kan førebu oss. 
Mange er opptekne av kva barn får med seg og kva det er fornuftig å snakka med dei om. Derfor har me fått med oss helsesjukepleiar i kommunen, Henriette Skjelstad Lindanger, som vil gi praktiske råd om korleis me kan snakka med barn og unge om krise og krig. Dessutan fortel Daghild Alvestad frå Sanitetsforeningen og Kaj Arne Christiansen frå Røde Kors om korleis dei frivillige kan bidra. 
Det kostar ikkje noko å delta. Arrangementet er venta å vara halvannan time.