TellTur-start og ny sti

Friluftsråda sitt elektroniske system for turregistrering 2019 er i funksjon frå i dag, 1. april. Tur nr. 8 i Bokn, Ådnaneset, er klar - med parkering og turstart ved massedepoet rett aust for Håmannsvatnet på Grønnestad-nord.

 

 

 

Eit samarbeid mellom Friluftsrådet Vest og Bokn kommune, gjer at det ligg TellTur-kode og turbok i alle postkassane på dei ulike turmåla i Bokn. Nå er også sti til Ådnaneset tilrettelagt. 

Sjå bilder frå turen. foto Arvid Sæbø:

Dei andre sju destinasjonane i kommunen er

Boknafjellet Boknahåve Hognåsen Håklepp Klepphaugen Turstien og Vardafjellet.

Premiering

I tillegg til Friluftsrådet sitt eige premiesystem, blir dei som går og registrerer alle åtte TellTurane i Bokn denne sesongen, med i trekninga av eit gåvekort på kr. 1.000 til hausten.

Odd-Bjørn Saltnes i Friluftsrådet Vest reknar med at fjorårets ulemper i samband med dataomlegging er borte og at brukarane møter eit stabilt og brukarvennleg registreringssystem.

Det er enkelt å registrera seg i TellTur-systemet.