TellTur 2019

Aud Lillian Grindheim blei trekt ut som vinnar blant dei som fullførte alle tellturane i Bokn i 2019. Anne E. Askeland I Bokn gjekk 619 turgåarar 3 301 turar til åtte turmål i løpet av fjorårets TellTur-sesong (1. april til 1. nov.). Det mest besøkte turmålet var Boknafjellet (785 registreringar), Turstien (550) og Vardafjellet (370).

Som i 2018 foretok Anne E. Askeland og underteikna ei trekning blant dei som fullførte alle tellturane i kommunen i 2019. Vinnaren blei Aud Lillian Grindheim frå Mosterhamn. Ho fekk eit gåvekort på XXL på kr. 1.000 samt ein tursekk frå Friluftsrådet Vest – me gratulerer!

Tellturar i Bokn (venstremeny under Friluftsliv)

117 turar

Me gratulerer også alle lokale deltakarar av TellTur, friluftsrådenes elektroniske system for turregistrering, som fleire og fleire tar del i. På resultatlistene finst fleire kjende namn. Lengst framme finn me Marianne Lie med imponerande 117 turar i løpet av dei sju månadene sesongen varar (nesten 17 turar pr. månad)! Ho har fått premie av Friluftsrådet Vest.

50 000 turar

Odd-Bjørn Saltnes i Friluftsrådet Vest er svært nøgd med at nærmare 3 000 brukarar i regionen vår brukte TellTur-sesongen 2019 til å komma seg ut på tur og vera aktive i friluft. Til saman har desse turgåarane gått nesten 50 000 turar til 125 ulike turmål.

- Noko av det mest gledelege var at kvar turgåar gjekk heile 17 turar i gjennomsnitt, mot 15 i 2018, seier han.