Teknisk bygg skapar folkesnakk

Teknisk bygg ved Håklepptunellen sett frå Boknatun, 28.01.20. Kristian Jørgensen Mange snakkar negativt om det nye tekniske bygget til Statens vegvesen rett sør for Håklepptunellen, men få er klar over kor nødvendig huset er for den omfattande oppgraderinga av passasjen gjennom fjellet.

Estetikk og plassering for det 25,4 m lange og 144 m2 store bygget kan sikkert diskuterast. Huset inneheld alt av elektronikk og styring for det nye tryggleiksutstyret som blir montert i og utanfor tunellen.

Seks rom

Asbjørn Andås i Statens vegvesen fortel at bygningen inneheld seks rom:

  • Trafostasjon frå Haugaland kraft
  • Lågspentrom
  • Naudstraumsrom
  • Batterirom
  • Radio/kommunikasjonsrom
  • Mobilrom

Opparbeida uteområde

- Terrenget rundt bygget på vegsida ligg lågt i dag og skal opparbeidast til underkant dørutsparing. Bygget vil då sitta betre og ikkje vera like dominerande for bilistane, seier Asbjørn Andås .

Skisse, teknisk bygg med havarilomme. Statens vegvesen På vestsida av huset er det ein natursteinsmur, som ikkje er lett å få auge på viss ein er langt unna. Oppå murkanten kjem det eit flettverksgjerde. Jordmassane som ligg rundt skal leggast fint ut og det skal såast nytt gras.

I infoen frå før arbeidet blei sett i gong, blei det nemnt ei havarilomme i samband med det tekniske bygget. Denne stopplomma skal etablerast på framsida av bygningen og vil følga vegbanen i 90 meter lengde. Nytt autovern kjem også langs havarilomma på begge sider og skal avsluttast mot flettverksgjerdet, seier Asbjørn Andås.