Suksess med lokale AV OG TIL–kampanjar!

I løpet av dei siste vekene har Bokn kommune vore del av heile fire alkovett-kampanjar, to i samarbeid med Tysvær kommune og to i eigen regi.
Foto: KAMPANJE I FØRESVIK 17. JUNI: fv. Kaj Arne Christiansen (Bokn Båtforening), Ove Christiansen (ivrig hjelpar), Helge Kristian Nilssen (ivrig mottakar av gåvepose) og Lars Sigmund Alvestad (Sjøfartsdirektoratet).
Publisert av Jardar Havikbotn
Publisert 08.07.2016 11:26
Av Anne E. Askeland


To av kampanjane vart utførte som promillekontrollar i samarbeid med Politiet.
Dei to andre kampanjane hadde fokus retta mot alkovett til sjøs.
I den anledning er det den siste tida delt ut hundrevis av gåveposar med Quiz, «Klar for sjøen»-brosjyre, lakrisbåtar m.m. til ivrige mottakarar. Quizen har vore populær og vi ser fram til å kunne trekkje ein vinnar 2. september 2016 – når båtsesongen er på hell…


Mottakarane har blide tatt imot gåveposane og ein har fått gode tilbakemeldingar på at kampanjane er viktige i det haldningsskapande arbeidet for sunt alkovett.
Bokn kommune ynskjer god sommar; du er kanskje i ferd med å gjere deg klar for sjøen?
Sjå reportasje på NRK Rogaland måndag 4. juli 2016, med ordførar Tormod Våga i spissen.