Streaming av folkemøte

Neste veke arrangerer Statens vegvesen folkemøte i Tysvær, Sveio og Bokn, i samband med høyring av kommunedelplan for E39 Bokn - Bømlafjorden. Berre møtet i Tysvær blir streama.

Statens vegvesen opplyser at møtet i Tysværtunet måndag 16. feb. kl. 18 blir streama, ikkje møta i Bokn og Sveio.

Eivind Kvarekvål i Statens vegvesen opplyser at mykje av informasjonen blir lik i alle tre kommunar, så derfor blir det kun streaming i Tysvær. 

Her er lenka til stream i Tysværtunet:

https://youtube.com/live/UwSaj1XAEbg?feature=share