Jørgen Nilssen er klar for strandryddeaksjonen 2026.
Jardar Havikbotn
-Så blir det både fint og ryddig til 17. mai samt at me tar vare på naturen, seier naturentusiasten, som var innom Boknatun for å frakta ryddeutstyr ned til Coop Prix Bokn. Handelslaget blir depot for prosjektet. Sjekk ut eventet:
Strandryddeaksjonen Bokn 2026
Flott initiativ
Bokn kommune har utstyr til strandrydding heile året, og er svært glad for private initiativ som set dette på dagsorden.
-Det er viktig med samling i fellesskap, seier 25-åringen, som trass sin unge alder (bokstavleg talt) har sett spor etter seg. Det kan nemnast Lys på Turstien og Trollskogstien frå Turstien til toppen av Boknafjellet, som han laga sjølv (ferdig i 2022).
Bli med!
Du kan gjera ein innsats for eit reinare Bokn 8. - 15. mai, enten det er ved sjøen eller andre stader. Ingen kan gjera alt, men alle kan gjera noko.