Strandrydding

Strandrydding i Skodahabn 05.03.19 Hans Faye Årshjulet for strandrydding i Bokn 2019 har begynt å rulla.

5. mars var Hans Faye og Augustin Thuestad i Skodahabn og fylte opp to såkalla BigBags (2.000 l) på omtrent tre timar, noko som både fortel om kjempeinnsats frå karane og at det ligg mykje avfall der ute. Aksjonen er ikkje avslutta. Hans Faye fortel at dei anslår rest-avfallsmengde til fem BigBags, og inviterer interesserte til å vera med. Dei kan kontakta han på tlf. 98221505.

Senterungdommen gjorde ein fantastisk jobb i Skodahabn under Strandryddedagen 2018 og melde om vanvittige mengder med avfall. Dei samla m.a. ein del tau i haugar, som seinare blei henta av Friluftsrådet Vest med båt. Den same båten vil også henta dei store sekkane.

Ta kontakt

Dersom andre vil laga private aksjonar utanom strandryddedagen i mai, kan dei ta kontakt med kulturkontoret, tlf. 52 75 25 08 – 98 22 15 08. Her kan du få både vanlege sekkar, hanskar og BigBags. Bokn kommune, som nå er med i Strandryddeaksjon Haugalandet, registrerer alle ryddeaksjonane hos Hold Norge Rent.

Plast i torsk

Arild Ognøy med flastflaske frå torskemage, februar 2019. Jardar Havikbotn At marin forsøpling er eit stort problem for dyr som lever i og ved sjøen, fekk underteikna nyleg eit bevis på då Arild Ognøy kom inn på kulturkontoret med ei plastflaske frå ein torskemage. Fisken, som hadde forveksla flaska med mat, blei tatt i Boknasundet. Dette fortel oss at kampen absolutt ikkje er over og at me treng mange havforkjemparar.

Årets strandryddedag

I fjor kjempa 150 stk. for eit reinare Bokn og fekk eit utruleg resultat på over 500 sekkar innsamla avfall. Laurdag 4. mai er datoen for årets strandryddedag, same dag som den nasjonale. Dagen vil bli bli avvikla på same måte som han blei i 2017 og 2018. Det er laga eit Event på kommunen sine facebooksider. Her vil det etter kvart bli lagt ut informasjon.

Glimt frå Skodahabn, 5. mars 2019 - foto: Hans Faye: