Strandryddeaksjon Haugalandet, Hold Norge Rent og ikkje minst den sjuke kvalen på Sotra som hadde 30 plastposar i magen på Sotra vinteren 2017 har fått fleire til å bli miljøarbeidarar og havforkjemparar, og det er ikkje alle som har anledning å vera med på dei organiserte strandryddedagane i mai.
Det nyttar!
Hans Faye og co. har ein pågåande aksjon i Skodahabn. 14. april skal Geocaching Haugalandet ha ryddeaksjon i Kråkevågen. Her blei det henta veldig mykje avfall under fjorårets strandryddedag, men som mange andre plasser langs sjøen, kjem det att ein del avfall i løpet av ein haust og vinter. Men ein gledeleg tendens viser at det blir mindre og mindre med årleg rydding.
I 2017 blei det registrert 6 tonn marint avfall frå Bokn. I fjor 6,6 tonn. Mykje tyder på at det i 2019 vil bli endå meir.
Ta kontakt
Dersom du vil laga private aksjonar utanom strandryddedagen i mai, kan dei ta kontakt med kulturkontoret, tlf. 52 75 25 08 – 98 22 15 08. Her kan du få både vanlege sekkar, hanskar og BigBags. Bokn kommune, som nå er med i Strandryddeaksjon Haugalandet, registrerer alle ryddeaksjonane hos Hold Norge Rent.