Støtte til sandvolleyballbane

Fv. avtroppande leiar Simon M. Sjøen,  leiar i Bokn IL, Harald Fiskaaen, leiar av SR-Bank i Tysvær, Inger Rossebø og leiar av Kunderådet i SR-Bank, Kyrre Lindanger. - Klikk for stort bileteFv. avtroppande leiar Simon M. Sjøen, leiar i Bokn IL, Harald Fiskaaen, leiar av SR-Bank i Tysvær, Inger Rossebø og leiar av Kunderådet i SR-Bank, Kyrre Lindanger. Jardar Havikbotn Fredag 3. juni delte leiar av SR-Bank i Tysvær, Inger Rossebø, ut kr. 200.000 kroner til Bokn idrettslag. Pengane skal gå til ny sandvolleyballbane på Alvestad nærmiljøanlegg.

Til stades var også leiar av Kunderådet i SR-Bank, Kyrre Lindanger, avtroppande leiar Simon M. Sjøen og leiar i Bokn IL, Harald Fiskaaen.

Inger Rossebø sa at ho var veldig glad for å gi av overskotet som Sparebankstiftelsen SR-Bank disponerer, til Bokn IL sitt sandvolleyballbane-prosjekt.

- Prosjektet deira er heilt i tråd med SR-Bank sine sparebanktradisjonar, nemleg å gi gåver til allmennyttige formål, sa ho - og la til at Bokn IL fekk det dei søkte om, noko som ikkje er heilt vanleg. 

Stort prosjekt

Harald Fiskaaen roste den avtroppande leiaren for eit godt prosjekt. Simon M. Sjøen har gått ut av styret, men vil involvera seg til alt er ferdig. Han fortel at samla prosjektutgifter blir omtrent kr 500 000.

- Tidlegare har me fått støtte fra Sparebanken Vest haust (kr 140 000). To lokale bedrifter har sagt dei vil sponsa, og me har også fleire søknader ute, seier Sjøen.

Alvestad nærmiljøanlegg er kommunal grunn og kommunen har stått for byggesøknaden. Entreprenør er Nedrebø Maskin & Transport AS.

50 årsjubilanten Bokn IL vil ha offisiell opning av det nye anlegget til hausten.

Det er berre å gle seg!