Valavlukke i Servicetorget klart for tidlegrøystegjeving.
Jardar Havikbotn
Tidlegrøystegjevingsperioden startar 1. juli 2025.
Ordninga med tidlegrøystegjeving er ein del av førehandsrøystegjevinga, men er meint som ei ordning for dei som ikkje har anledning til å røyste innafor førehandsrøysteperioden eller på valdagen. Dette kan vere grunna studieopphald i utlandet, utanriksfart etc.
I Bokn kommune er det anledning til å tidlegrøyste i Servicetorget. Dersom du ønskjer å tidlegrøyste, må du ringe Servicetorget på tlf. 52 75 25 00 tysdager frå kl. 10:00 til kl. 14:00 eller onsdager frå kl. 10:00 til kl. 13:30 for å avtale tid.