Stor takk!

Bokn Sanitetsforening vil retta ein stor takk til alle som var på basaren og ellers kjøpte lodd på Coop. Me fekk inn kr. 50 600, og netto av desse vil gå til leikeapparat ved skulen.

Ellers vil me takka Bokn Seniordans for oppvisning, og ikkje minst Merete. Venevil hadde funne fram flotte musikktalent, så kulturskulen er god å ha. Mange fine gevinstar var her også.

Har tru på at noko er i emning - at Saniteten ikkje bli lagt ned. Me gamle vil hjelpa den yngre garde, så får dei driva på sin måte i Saniteten sin ånd.

Helsing frå oss i styret