Stor oppslutning på innhaldsrik 17. mai

17. mai-komitéen er svært nøgd med årets nasjonaldagsfeiring. - Klikk for stort bilete17. mai-komitéen er svært nøgd med årets nasjonaldagsfeiring. Jardar Havikbotn Det var mykje folk i Bokn Arena då den tradisjonelle 17. mai-feiringa var tilbake etter to år med alternativ feiring.

Flott båtkonvoi med 52 båtar. - Klikk for stort bileteFlott båtkonvoi med 52 båtar. Erik Nilssen At det generelt går litt tregt med kultur-Noreg etter koronaperioden, gjorde seg ikkje gjeldande då det største faste årlege innearrangementet i Bokn samla 500-600 personar. Det fine véret gjorde også at det også var folk ute under det offisielle programmet.

Flott og innhaldsrikt program

Sjøbris Kafé inviterte til frukost-buffet, der det var 72 gjester. Båtforeningen sin båtkonvoi var vidareført frå dei to siste åra, og var som vanleg flott å sjå på – med 52 båtar denne gong. 17. mai-komitéen helste frå Boknasundbrua og plukka ut den best pynta båten. I år blei det «Flamingoen», som fekk eit gåvekort hos Rogaland Marine på kr 1 000.

Etter gudstenesta la komitéen ned ein krans til minne om dei som har omkome på sjøen. Denne seremonien begynte også under koronaperioden, og blei då filma. Nå håpar me at dette blir ein ny tradisjon. Det er ikkje noko nytt å legga ned krans her, men seremonien er nå tre år gammal.

Toget

Dei aller fleste hadde fått med seg at årets tog mangla messingblåsarar. Underteikna hadde jobba nokre veker med ei trommegruppe, som sørga for kjende og taktfaste trommemarsjar og mykje god lyd. Framfor Boknatun framførte Sofie Alise Grønnestad og Ole Christian Hervik-Aksdal dagens appell, Songtrioen (Oddrun Nilssen, May Jorunn Vatnaland og Venevil Birkelund) hadde minikonsert i tillegg til allsong. Her sørga Kystvind for glimrande lyd.

Sjå video av Songtrioen med Sigmund Grønnestad (Video: Jardar Havikbotn):

Emosjonelt

Framme ved hovudinngangen til Bokn Arena sørga leiar i Bokn musikkorps, Kaj Arne Christiansen, for god passasje slik at faneberar Odd Grønnestad, med «duskejentene» Lilly og Tiril Sjøen, trommekorpset og underteikna kunne marsjera gjennom hallen og opp på scenen. Dette var planlagt, men ikkje at skule og barnehage skulle henga seg på, og at alle i salen skulle reisa seg og klappa. Her var nok både tankar og tårer i aktivitet. La oss håpa at ting resulterer i messingblåsarar til neste år.

Beste toginnslag

Med «berre» tromming i årets tog, blei det god tid til å roping og skråling. Også i år hadde komitéen ein medarbeidar i toget som høyrde ekstra godt etter. Kampen om sigeren stod mellom småtrinnet og mellomtrinnet. Det var småskulen som vann. Dei kan venta seg noko kjekt!

Frå scenen

Komitéleiar June Grønnestad batt saman årets 17. mai-program på ein god og trygg måte. - Klikk for stort bileteKomitéleiar June Grønnestad batt saman årets 17. mai-program på ein god og trygg måte. Jardar Havikbotn Komitéleiar June Grønnestad kunne, for første gong sidan 17. mai 2019, ønska ein fullsett sal velkommen til feiring. Alle dei 101 borda i 1. etasje var i bruk, enten pådekte og pynta, eller til Bokn skyttarlag sin luftgeværskyting, Bokn idrettslag sin kiosk, eller 8. og 9. kl. sitt matsal i hallen/loddsal og fiskedam i gangen. Gangen var forresten fyllt med popcorn-lukt, noko FAU hadde sørga for. I 2. etasje hadde Bokn KFUK/KFUM-speidarar pil- og ballkast samt spikerslåing i uteamfiet.

Heile Bokn musikkorps (på lydfil) runga ut or høgtalarane slik at publikum kunne synga Norge i rødt, hvitt og blått slik dei er vane med på nasjonaldagen. Etter at Sofie Alise Grønnestad og Ole Christian Hervik-Aksdal hadde heldt appellen for andre gong, framførte Erik Lea ein svært god festtale, der dagens tema - på ein framifrå måte - blei plassert i både fortid, nåtid og framtid. Brørne Naol og Daniel Lundervold laga ei flott musikalsk ramme rundt kulturprisutdelinga, med framifrå pianospel.

Les også:

Kulturprisutdeling på 17. mai

Styret i Bokn musikkorps ønska å nytta anledninga til å hylla Torhild Svendsen, etter at ho hadde fått kulturprisen. Odd Grønnestad tok henne med seg på prøvesitting av hagemøblene ho fekk av korpset, for alt ho har gjort og gjer – og ikkje minst held liv i håpet om eit nytt korps, gjennom aspirantane. Og to av dei, Lilly og Tiril Sjøen gav henne blomar til slutt.

Bokn seniordans baud på frisk reinlender og gamle slagerar, ei flott avslutning på ei innhaldsrik sceneøkt.

Meir heider

Litt seinare i programmet var det klart for å hylla nok ein eldsjel, noko som passar veldig bra i Frivillighetens år 2022. Bokn kommune vil retta ein stor takk til Lars S. Alvestad, som på fritida si har vore dagleg leiar og stått for drifta av Bokn Arena i over fem år. Det står stor respekt av å bruka ei stor mengde dugnadstimar over eit langt tidsrom, for å skapa aktivitet i bygda! Ordførar Osmund Våga overrekte blomar og eit reisegåvekort på Hurtigruten.

Lått & løye

Mot slutten av ein innhaldsrik og minnerik dag, ville åtte folkevalde gjera han endå meir minnerik. I Hall nord barka fire stk. frå 17. mai-komitéen (Forvaltningsstyret) saman med fire stk. frå Formannskapet i ein parfotballkamp (stroppa saman to og to). Wolfgang B. Ognøy var dommar/speaker.

Sjå video av fotballkampen (Video: Jardar Havikbotn):

Det høyrer med til historia at kampen måtte avgjerast på straffar, og det var 17. mai-komitéen som vann. Det store spørsmålet blir nå om Formannskapet ønsker revansje neste år?

Takk frå komitéleiaren

- Eg vil takka for ein flott dag med mykje godt innhald. Det var så fantastisk å sjå så mange som tok turen til arenaen. 17. mai er ein dag me ser at alle hjelper til, for at me skal få ei fin feiring. Hjertelig takk til knallkjekke dag, seier leiar av 17. mai-komitéen 2022, June Grønnestad.

Sjå fleire glimt frå dagen (Fotos: Jardar Havikbotn, Ana Maria Stef, Marie Vågshaug, Egil Våge, Erik Nilssen og June Grønnestad). Trykk på bilda for å få dei større.

Frå 17. mai 2022 - Klikk for stort bilete