618 aktive Stikk UT!-brukarar registrerte 3839 turar på Bokn i 2025. Av aktive brukarar var 30 frå lokalbefolkninga. Gjennomsnittsalderen på deltakarane var 55,3 år. Stikk UT! er mest populært blant vaksne og eldre.
Oversikt, Bokn:
Gratulerer!
Frå kickoff-turen på sommarsesongen 2025. 75 ivrige turgåarar tok turen til Kringsjåhytta.
Friluftsrådet Vest
Blant aktive boknarar som registrerte alle turane i Bokn, vann Per Eivind Ognøy og Mariann Skjelde kvar sin Stikk UT!-kopp. Me gratulerer dei spreke vinnarane!
Regionen
I følge Rune Westre i Friluftsrådet Vest hadde Stikk UT! 3185 aktive brukarar og 55 602 registrerte turar i regionen i 2025. Neste år blir det heilårssesong og dei håpar å engasjera fleire yngre, då gjennomsnittsalderen er over 56 år.
Haugesund, Tysvær og Karmøy hadde flest turar, med Bongsa, O-hytta og Tuabua som dei mest populære turane.
Finn ut meir om Stikk UT!