Stafett for livet Karmøy 2019

31. aug./1. sept. blir Kreftforeningens «Stafett for livet» arrangert på Torvastad. Det desidert største laget, «Team Rett & Vrangt» (67 medlemmer pr. 15. aug.) blir administrert av Gry K. Øvrebø frå Bokn.

Bli med!

Initiativtakaren - busett på Øvrebø, som sjølv har kreft og stiller som fighter på stafetten, er svært glad over den store responsen. Gry K. Øvrebø fortel at laget nå har medlemmer frå fleire kommunar.

- 24 av dei 67 kjem frå Bokn, og det er plass til fleire, både kjende og ukjende, seier ho.

Alle kan vera med, uansett form – og ein vel sjølv kor langt ein vil gå eller springa.

Støtt ei god sak!

Teamet skal ha eige telt på arrangementet og laget har blågrøne T-skjorter - same farge som fargen til den krefttypen Gry K. Øvrebø er råka av. «Team Rett & Vrangt» har fått sponsorar til å dekka div. utgifter. Overskotet går sjølvsagt til inntekt for Kreftforeningen. 

På stafettlaget si facebookside er det m.a. kunngjort ein konkurranse for å samla inn pengar til Kreftforeningen. Dei som ynskjer å gi si støtte (enten det er private eller lokalt næringsliv) ta kontakt med Gry K. Øvrebø på Messenger eller på tlf. 99156682. 

Grieg Seafood Rogaland, avd. Trosnavåg har allereie sponsa ein konkurransegevinst.

Kontonummeret til «Team Rett & Vrangt» er 3361 23 88119.

Om Stafett for livet

Kreftforeningens Stafett for livet handlar om å støtta dei som er råka av kreft. Stafetten varer i 24 timar, og det er familiar, venner, skular, foreningar, arbeidsplassar og andre som dannar lag og deltar ved å ha minst eitt lagmedlem på banen i 24 timar.

Stafetten varer i 24 timar for å symbolisera kampen kreftpasientar står i, og at kreften ikkje tar pause, og at det alltid bør vera nokon på banen for dei.

Bak kvart lag er det ofte ei historie – eit menneske som laget vil støtta, minnast eller feira at det har blitt friskt. Det kan vera ein bestefar eller far som er i behandling, ei søster som overlevde eller ein god nabo som døydde av kreft.