Beising av dagsturhytta Kongsbu, 02.07.25. Fv. Ove Berge Christiansen, Odin Sæbø Hansen, Runar Alvestad og Ørjan Oliversen.
Lillian Grønnestad
Beising av dagsturhytta Kongsbu, inkl. utedoen har stått på planen lenge, og 2. juli blei det endeleg flott beisevér.
Arbeidet blei utført av Ørjan Oliversen, Runar Alvestad, Ove Berge Christiansen og Odin Sæbø Hansen. Torstein Johannessen var ikkje til stades då bildet blei tatt. Desse fem var på jobb første veka i juli - andre arbeidsveke i kommunen, bortsett frå Odin.
Dei andre ungdommane som gjorde ein strålande innsats i førre veke er:
Noah Hesthammer, Sanne Øvrebø, Espen Ognøy Våge, Monika Øvrebø, Sondre Oliversen, Karoline Våge Hammer, Tobias Hatlem og Eskil Bryningsland.
Lang arbeidsliste
Joachim Are i Teknisk fortel at ungdommane har fått utretta mykje. Det kan nemnast:
- Maling av tre klasserom og eitt grupperom i ungdomsskulen samt lesesalen på biblioteket
- Kosta uteområdet på skulen
- Div. luking på kommunale område
- Fjerning/klipping av hekk
- Vask av bårehus på kyrkjegarden
- Beising av ballbingen ved Idrettshuset
- Fjerning/skjering av greiner på Turstien
- Beising av Kongsbu/utedo
Kaker, is og grilling har det også blitt, i samband med lunsjpausane på Boknatun. Takk for innsatsen!