Store forandringar i Føresvik.
Statens vegvesen
Av ordførar Egil Våge
Kjære boknarar
No som sommaren er her, med varmt vér og lyse kveldar, vil eg senda ei hjarteleg helsing til kvar og ein av dykk. Takk for at de gjer Bokn til ein god plass å bu – med fellesskap, dugnadsånd og omsorg for kvarandre.
Det nærmar seg ferietid. Eg håpar de får nyta fine dagar ute i naturen, kanskje eit bad i sjøen, ein tur på fjellet, tur på sjøen eller berre rolege dagar i hagen. Hugs å ta vare på kvarandre, og ver ekstra merksame på dei som kanskje treng ein liten prat eller eit smil i sommarsola.
Kommunestyremøtet 17. juni
På siste kommunestyremøte før ferien hadde me mange viktige og kjekke saker på sakslista:
Rekneskap og årsmelding blei vedtatt. Dette kan ein gå inn å lesa på kommunen si nettside, samt alle andre vedtak.
Rekneskap og årsmelding 2024
Flyktningar
Det blei vedtatt å utvida busettingskvoten for flyktningar i 2025 frå 5 til 7 personar.
Verdibrev
10. klasse ved Bokn skule fekk verdibreva på avslutningsfesten 19. juni. Fv. William Kro, Odin Sæbø Hansen, Mathias Mortensen Hemdorff, Lovise Røsdal Lund, Torstein Nicolaj Freitas Johannessen, ordførar Egil Våge, Bohdan Artyrovich Merlikov, Veslemøy Våga, Ådne Norekvål, Nathaniel Martin Vikøren, Monika Øvrebø, Truls Foss, Espen Ognøy Våge, Ove Berge Christiansen. Jamgamle Jonas Lindnes Thuestad, som er busett i Bokn, men som har gått ungdomsskulen i ein annan kommune, får verdibrevet sitt på Boknatun.
Åse Bratthammer
Ein gladsak med verdibrev til alle elevar som går ut av 10. klasse gjeldande frå 2025. Verdibrevet er på 25 000 kr og kan løysast inn dersom mottakaren vel å busetta seg i Bokn gjennom kjøp eller bygging av eigen bustad, og gjeld til fylte 30 år.
Dette håpar me skal stimulera til at ungdommane våre vil busetta seg i Bokn.
Jonas Lindnes Thuestad mottar verdibrev av ordførar Egil Våge, 25. juni.
Jardar Havikbotn
Makerspace bibliotek
Dette har blitt veldig populært, og også etterspurt i Bokn og. Denne saka har blitt diskutert og planlagt ei god stund. Til slutt blei denne saka vedtatt i kommunestyret.
Det er sett av 450 000 kr til dette i budsjettet. Prosjektet vil bli ein del av biblioteket. Prosjektet har og søkt om midlar eksternt og fått 100 000 kr til datautstyr.
Les også:
100 000 kr til ungdomsrom og makerspace bibliotek
Gamle Holmen
Utbygginga på Gamle Holmen og planane der har gjort at ein ser det som naudsynt å revidera dei gjeldande reguleringsplanane. Planen har vore ute på høyring. Der kom det inn ein merknad som det er tatt omsyn til i vedtaket.
I samband med utbygginga i Føresvik er det også starta arbeid med plan for etablering av nytt VA anlegg (vatn- og avløp) for Føresvik og Holmen området.
Ny brannstasjon
Den 2,7 mål store brannstasjontomta i Knarholmen, markert med raudt.
EiendomMegler1
Det er vedtatt at det skal byggast ny brannstasjon i Bokn. Denne skal byggast i Knarholmen. Det er nå henta inn pristilbod på totalenterprise for bygging av brannstasjonen. Anbodskonkurransen blei vunne av GL Prosjektservice. Her håpar me på byggestart til hausten.
Bustadformål
Det blei og vedtatt at Bokn kommune inngår opsjonsavtale med tanke på kjøp av areal (kalt område B15) på ca 43 mål nord for parkeringsplassen der det stod midlertidige skulebrakker. Området er tenkt til bustadformål.
Uteområde i barnehagen
Arbeidet med nytt uteområde i barnehagen skulle vore starta, men her ventar entreprenør på oppstartsløyve. Slik det ser ut nå kan det bli oppstart ein gong etter ferien.
Rogfast
På Laupland er dei i full gong med å støypa portalane.
Statens vegvesen
Arbeidet i Rogfast-tunellen går vidare mot Kvitsøy. Det har vore ein del inntrenging av vatn i tunellen som har forsinka arbeidet ein del. Men det nærmar seg verdsrekord, for tunellen nærmar seg 292 m under havet. Det er djupare enn det Ryfast er.
På Laupland er dei i gong med støyping av portalane til tunnelløpa.
Nyholmen
Siste rest av utfyllinga på Nyholmen er starta igjen. Det gjenstår litt utfylling i sjø. Så er det «plastring» rundt sjøkanfyllinga. Etter det er det heving av området til kote 2,5.
Port 5561
Utvidinga av kaiområdet på gamle High Comp-området går etter planen. Den gamle hallen er fjerna og området i bakkant av denne blir nå utvida for å kunne setta opp ein ny hall. Prosjektet er nettopp tildelt 28 mill kr i statleg støtte, til utvikling av hamner i distriktet.
Med dette vil eg ønska alle ein riktig god sommar og ein velfortjent sommarferie!
Sommarhelsing frå ordføraren ☀😎