Solskin og feststemning på nasjonaldagen

Mange folk var med og feira 17. mai 2025 på tradisjonell måte. Artikkelen inneheld nesten 100 foto.

Bilde av Bokn kyrkje. 17. mai-komiteen dannar flaggborg. Kyrkjetenaren står i døra. - Klikk for stort bileteI Bokn kyrkje var det ei fin gudsteneste - i både ord og tonar. Anne Tove Øvrebø

Av Anne Tove Øvrebø

Båtkortesje

Kl. 09:00 stod Bokn båtforening for startskotet på årets nasjonaldag med staseleg båtkortesje, som gjekk tur/retur Knarholmen-Føresvik på flatt hav. Eit flott skue for alle som såg båtane «segla» gjennom sundet og passera Boknasundbrua, der 17. maikomiteen, tradisjonen tru, stod med flagg og helsa alle forbipasserande.

Gudsteneste og kransenedlegging

I Bokn kyrkje var det ei fin gudsteneste - i både ord og tonar.
I år var me så heldige å ha ei korpsgruppe som sette eit ekstra fint preg på nasjonaldagen med flotte musikalske innslag både i kyrkja og seinare utover dagen.

Etter gudstenesta la 17. maikomiteen ned krans til minne om dei som har omkomme på sjøen, og alle oppmøtte fekk høyra korpsgruppa spela «Kongesongen». Det vart ei fin markering.

Toget

Det var godt oppmøte i det flotte folketoget, kor flagg, faner og hurrarop ruva høgt medan toget marsjerte gjennom bygda i stødig og taktfast gange leia av fengande trommerytmar som våre gode musikantar, Annstein Vik og Odd Grønnestad, stod for. Småtrinnet gjekk også i år av med sigeren for beste toginnslag.
Folketoget tok ein ekstra runde på framsida av Bokn sjukestove før det returnerte tilbake til ein festpynta Bokn Arena.

Flott program

Alle samarbeidspartnarar hadde gjort sitt yttarste for å rigga Bokn Arena til fest. 

Bilde av festtalar Kleng Våga på scenen. - Klikk for stort bileteKleng Våga heldt ein god festtale. Anne Tove Øvrebø

9. klasse m/føresette og Bokn idrettslag stod for sal av god mat, kaker, is, drikke og snacks. Elles var det god konkurranseånd både på luftgeværskytinga til skyttarlaget, spikarslåinga til FAU, barneleikane til idrettslaget og pil- og ballkastinga til KFUK/KFUM-speidaren.

Frå scena ønska komitéleiar, Vilhelm Martin Våge, velkommen og kunne introdusera flotte underhaldningsinnslag. Korpsgruppa gjorde sitt til at me fekk ei ekstra kjensle av ærverdig stemning då dei kom marsjerande gjennom Bokn Arena og inn på scena, kor dei spelte flott musikk for oss. Kleng Våga heldt deretter ein god festtale som fortalde om Bokn si historie, særleg frå tida mellom 1814 til 1940.

Inna Gorbaz fekk salen til å klappa og synga med under sitt fengande solistinnslag med songen «Optimist». Vidare fekk me ein flott appell ved Hanna Røsdal Lund og Oda Sofie Surnevik Aksdal, medan Bokn seniordans runda sceneprogrammet fint av med lystige dansetrinn. Kystvind stod også i år for meisterleg lyd.

Badmington-kamp

Ungdomsrådet utfordra 17. mai-komiteen til volleyballkamp. Alle gjekk med stor iver inn for oppgåva og det mangla ikkje på kamplyst! Heiaropa runga av engasjerte tilskodarar og til slutt var det Ungdomsrådet som gjekk av med sigeren.

Heider og ære

Ved slutten av det offisielle programmet var det tid for trekning etter loddsal og utdeling av premiar og ei ekstra helsing for bidrag til nasjonaldagen.

Takk frå komitéleiaren

Bildet viser ungar i leik framfor eit stort ballongflagg, som var sett opp i nordre del av hallen. - Klikk for stort biletePopulært ballongflagg. Anne Tove Øvrebø

Vilhelm Martin Våge var imponert over frivilligheita, 9.klasse og dei som bidrog til sceneprogram. 

-Alle gjorde ein kjempeinnsats, som resulterte i ein flott dag. Tusen takk. Eg vil også takka medlemmer og stedfortrederar i 17.maikomiteen for bidrag med god gjennomføring. Ha ein fin sommar.

 

Glimt frå dagen, Fotos: Ana Maria Stef, Anne Tove Øvrebø, Marie Vågshaug, Vilhelm Martin Våge