Søkbart bygdablad

Nasjonalbiblioteket (nb.no) har gjort Bokn Bygdablad søkbart.

Bildet viser eit sjermbilde frå Nasjonalbiblioteket si nettside. - Klikk for stort bileteSkjermbilde frå Nasjonalbiblioteket si nettside. nb.no

Av Birger Lindanger/Jardar Havikbotn

Skattejakt 

Gjennom 31 år – frå 1985 til 2016 – kom Bokn Bygdablad, med unntak av årgang 31, ut med ti nummer i året og med gjennomsnittleg 20 sider i kvart nummer. Til saman svarar dette til 310 utgåver med til saman kring 6200 sider. 

For denne perioden ligg det altså føre ei enorm kjelde til informasjon for alle interesserte. Men til nå har det vore enormt krevjande år for år, nummer for nummer og side for side å leita seg fram nåla i høystakken.

I år har det likevel skjedd det revolusjonerande at Nasjonalbiblioteket ikkje berre har lagt inn Bokn Bygdablad digitalt, dei har også gjort bladet vårt søkbart. 

Nasjonalbiblioteket

Koss finna fram?

  • Skriv fyrst i søkjefeltet nb.no.
  • Du får då opp heimesida til Nasjonalbiblioteket.
  • I feltet «Hva leter du etter i Nettbiblioteket» skriv du så «Bokn Bygdablad».
  • Trykk på «Tidsskrift» og forstørringsglassymbolet.
  • Du vil sjå dei ulike årgangane til bladet, og kan også leggja inn eksakt kva dato du er interessert i. Brukar du mobil, trykker på «Filter» for å sjå årgangane, m.m.
  • Du kan også skriva øvst i søkjefeltet det du er interessert i. Søkjer du t.d. etter Tåganes, får du 54 treff. 
  • Søkjer du etter noko som inneheld fleire ord, må du setja dette i hermeteikn, t.d. «Austre Bokn Handelslag». Då får du tolv treff. 
  • Den fyrste tida, frå 1985 til 1900, heitte bladet «Bokn bygdeblad». For å leita i dei seks eldste årgangane, må du i feltet «Hva leter du etter i nettbiblioteket» skriva «Bokn bygdeblad» og sidan halda fram som under «Bokn Bygdablad»

    Her er det berre å prøva seg fram og finna rette søkemåten for deg - god skattejakt!