Snuti AS
Sommarles.no har vore ein stor suksess gjennom fleire år, og i fjor deltok over 172 000 barn. Målet med kampanjen er å motivera barna til å lesa så mykje dei berre orkar i løpet av ein lang sommarferie.
Kick off
Måndag 2. juni blir det kick off på biblioteket for elevane i 1.-7. klasse med mellom anna visning av den nasjonale kick off-filmen og gjennomgang av premiane for denne sommaren.
-I år blir det ekstra kule premiar å henta etter level 10, 20, 30 og 40, så eg trur det blir endå meir populært å delta enn tidlegare. På Bokn er det ofte flottare premiar enn andre stader også, sidan me er så få, seier biblioteksjef Thea Elisabeth Hansen.
Snuti AS
Sommarles.no gjer det gøy å lesa!
- Sommarles er ein digital lesekampanje på nettsida Sommarles.no. Barna lagar seg ein profil, registrerer alt dei les i kampanjeperioden og får XP (poeng) for kvar side dei les.
- Sommarles.no er for barn i 1. - 7. klasse og varer fra 1. juni til 31. august.
- Barna får tilgang til ei spesialskriven forteljing av forfattar Mari Moen Holsve.
- I tillegg til XP, kan barna også gjere seg fortente til digitale trofé og kule premiar som kan hentast på biblioteket!
- Sommarles.no er utvikla av Vestfold fylkesbibliotek og Snuti AS.