Skulegang rundt juletreet

Alle elevane ved Bokn skule gjekk rundt juletreet på Boknatunet siste skuledag før jul, 18. desember.

Bilde viser heile i gange rundt juletreet. - Klikk for stort bileteBoknatunet, 18.12.25 Jardar Havikbotn

Sola var til og med på besøk då heile gjengen troppa opp. 10. klasse hadde fått ansvaret for 1. - 4. klasse, og hadde henta dei og gjekk i lag med elevane i småskulen. Desse danna dei ytste ringane rundt treet. Resten av skulen gjekk innafor.

Bokn sanitetsforening måtte avlysa den offisielle julegranstenninga 1. desember på grunn av dårleg vér, men hadde gitt skulen det dei hadde kjøpt inn - og nå hadde elevane mellom anna fått ein sjokoladenisse kvar. Tusen takk!

Forutan å rydda etter gårsdagens juleavslutning, inneheldt skuledagen også julesongar og julegrøt med mandel. Her vanka det premiar til kvar klasse.

Første skuledag etter juleferien er måndag 5. januar - god jul!