Skulebasaren 2026

Bli med på skulebasar til inntekt for TV-aksjonen, fredag 16 .oktober kl. 10 -12 i Bokn Arena.

Bokn skule inviterer alle i bygda til årets skulebasar. Inntektene frå basaren går uavkorta til TV-aksjonen og NRC Flyktninghjelpen, som skal gi menneske på flukt ein trygg heim og håp for framtida.

Den tradisjonsrike hendinga bidrar kvart år sterkt til at Bokn er blant dei mest gåvmilde kommunane i landet, og programmet følger fast opplegg. 

Det blir opptrinn av elevar og varaordførar Rannveig F. Øvrebø vil ha appell.

 

Som vanleg er alle velkomne til å bidra med gevinstar til basaren. Desse kan leverast på skulekontoret til og med torsdag 15. okt. Du kan også senda med ein elev, eller ta med deg når du kjem på basar.

Forutan loddsal (10 kr. pr. lodd) blir det sal av heimebakst og moglegheit til hyggeleg drøs.

 

Skulebasaren

Den tradisjonelle skulebasaren blei første gong arrangert i 2003, og det er såleis basar nr. 24 i år. 

Dei 23 første skulebasarane har til saman samla inn heile 677 323 kr - eit fantastisk resultat!

Gjeldande rekord blei sett i 2022. Då kom det inn 58 355 kr til Leger Uten Grenser.