Refleks og sykkellys

Bruk refleks!Arbeidarane på Føresvikvegen har eit stort ønske. 

Dei som jobbar på Sæbø-sletta ber innstendig om at alle som går og syklar om morgonen/ettermiddagen/kvelden brukar refleks og lys på sykkelen.

​Usynleg

Maskinførarane sit dagleg med "hjartet i halsen" i frykt for at ein usynleg fotgjengar/syklist skal dukka opp frå mørket.

Her har nokon ein jobb å gjera!

Bruk refleks!