Rådmannen i Bokn tildelt medalje

Rådmann Jan Erik Nygaard fekk overrekt Det Kongelige Selskap for Norges Vels medalje og diplom for lang og tru teneste i Bokn kommune.

Etter det siste kommunestyremøtet for perioden, blei rådmann Jan Erik Nygaard heidra for å ha vore tilsett i Bokn kommune i 33 år. 

Bilde: Rådmann Jan Erik Nygaard fekk overrekt Det Kongelige Selskap for Norges Vels medalje og diplom for lang og tru teneste i Bokn kommune.

 

Rådmannen fekk overrekt Det Kongelige Selskap for Norges Vels medalje og diplom for lang og tru teneste av ordførar Kyrre Lindanger den 22. september. Rådmann Jan Erik Nygaard er for tida den lengstsitjande rådmannen i Rogaland og blei tilsett den 1. november 1981. Han har tenestegjort under fem ulike ordførarar og ei mengd kommunestyrer. Den 27. oktober skal han inn i samarbeid med ny ordførar og nytt kommunestyre i Bokn.

Les meir i septemberutgåva av Bokn Bygdablad.