Politiske verv

Påtroppande ordførar Tormod Våga.Tormod Våga blir ordførar og Lars Sigmund Alvestad varaordførar. Representantfordelinga i det nye formannskapet og forvaltningsstyret er også klart. 

- Me gjekk til val på at det skulle bli eit breiast muleg samarbeid i boknapolitikken. Alle skulle få vera med. Dette vil me halda på og praktisera dei neste fire åra, fortel den nybakte ordføraren.

Tormod Våga legg til at det ikkje eksisterer nokon skriftlege avtalar. Det blir jamn valteknisk kontakt med alle parti i kommande periode. På eit møte mellom alle partia i går, 15. september, kunngjorde Bokn Senterparti dei demokratiske tankane sine for dei andre. 

Tormod Våga, som vil kombinera ordførarstillinga med eit virke i Kystverket, seier at valresultatet ligg til grunn for fordelinga av representantar i utvala. SP får leiaren av forvaltningsstyret og AP nestleiaren. KRF får 1 representant i formannskapet.

Fordelinga i det nye formannskapet blir slik:

 
Bokn Senterparti 3 representantar
Bokn Høyre 2 representantar
Bokn Arbeidarparti 1 representant
Bokn Kristeleg Folkeparti 1 representant

 

Fordelinga i det nye forvaltningsstyret blir slik:

 
Bokn Senterparti 4 representantar
Bokn Høyre 2 representantar
Bokn Arbeidarparti 1 representant