Over 4000 heimevernssoldatar på øving i Agder og Rogaland - Bokn kommune

Over 4000 heimevernssoldatar på øving i Agder og Rogaland

Frå 9. til 27. april gjennomfører Heimevernsdistrikt 08 årets største øving, der over 4000 soldatar og befal deltek.

Bildet viser soldatar under øving. - Klikk for stort bileteØving - Arkivfoto Heimevernsstaben (HVST) 

Øvinga omfattar delar av Agder og Rogaland, og alle dei 23 HV-områda i distriktet er involverte.

-Med ein meir krevjande tryggingssituasjon er det avgjerande at Heimevernet trenar jamleg og realistisk, seier distriktssjef i HV-08, oberstløytnant Øystein Nilsen.

Øvinga skal styrka soldatane sine grunnleggjande militære ferdigheiter og evna til å operera effektivt i avdeling. Treninga blir gjennomført i to fasar: i Agder frå 9. til 17. april og i Rogaland frå 13. til 27. april.

Det vil vera noko militær trafikk, samt støy frå lausammunisjon og lysrakettar i periodar. Aktiviteten er koordinert med politiet og kommunane, og soldatane vil vera lett gjenkjennelege i norsk uniform.

Øvinga har fått namnet «Jøssing», inspirert av motstand og samhald under andre verdskrigen. Nilsen peikar på at erfaringane frå øvinga også gir nyttig kompetanse som soldatane kan ta med seg tilbake til sivilt arbeid og kvardagsliv.

Hovudoppgåvene til heimevernet:
• Bidra til nasjonal krisehandtering
• Gjennomføre vakthald og sikring av viktige militære og sivile objekt
• Støtta det sivile samfunnet, inkludert hjelp til politiet