Open kontordag

Statens vegvesen har open kontordag (Drop-in) i Boknahåve, Bokn Arena 2. etg. i dag kl. 12-19.

Ingeborg Skjølingstad

Der kan du ha ein-til-ein-samtale, for å komma med spørsmål om prosjektet ny E39 Bokn - Bømlafjord.  

Møtetilbodet er meint for spørsmål og svar, ikkje for å ta imot innspel til planprogrammet. Det må publikum senda inn sjølv.

Opptak frå folkemøtet

I artikkelen Stor oppslutning, etter folkemøtet i Bokn Arena 16. nov., kan interesserte sjå og høyra opptak frå møtet.