Stor oppslutning

Nærmare 300 møtte opp då Statens vegvesen informerte om planar for nye E39 frå Bokn til Bømlafjorden, på folkemøtet 16. nov. Opptak av møtet, til 1. des.

Bilde av dei frammøtte. - Klikk for stort bileteMykje folk på folkemøtet. Ingeborg Skjølingstad

Av ordførar Egil Våge

Under spørsmålsrunden til slutt var det mange gode og velstilte spørsmål som Henry Damman hos Statens vegvesen måtte svare på.  Det var også representantar frå Rambøl til stades for svare på spørsmål.

Streaming

Bokn kommune streama heile møtet, og på det meste var 70 personar innom. For dei som ikkje fekk med seg møtet, vil det ligga ute opptak til 1. des. - i to delar:

Første del Andre del

Open kontordag

Torsdag 23. nov. vil Statens vegvesen ha open kontordag (Drop-in) i Boknahåve, Bokn Arena 2. etg. kl. 12-19.

Her kan du ha ein-til-ein-samtale, for å komma med spørsmål om prosjektet.  

Møtetilbodet er meint for spørsmål og svar, ikkje for å ta imot innspel til planprogrammet. Det må publikum senda inn sjølv.

Bilde frå hendinga: