Nytt fjes i servicetorget

Åse Karin FjellvingÅse Karin Fjellving starta 1. august i 100% stilling som  kontormedarbeidar i Bokn kommune. Tre dagar i veka treff du henne i servicetorget, dei andre dagane i økonomiavdelinga, med ansvar for kommunal fakturering. 

49-åringen frå Haugesund er gift og har tre søner på 12, 15 og 25 år, også hunden Pondus då. Ho har utdanning innan økonomi og administrasjon. Åse Karin gjekk på Lindås gymnas og var blåruss. Så blei det EDB-skulen og seinare til foretaksøkonom på Høgskolen Stord /Haugesund. Ho har også vidareutdanning i rekneskap. I studietida rett etter vidaregåande jobba ho i resepsjonen på Mongstad utafor Bergen.

Elles er yrkeserfaringa hennar veldig variert, med stikkorda  rekneskap og administrasjon. Forutan ein periode ved rekneskapsavdelinga hos Interconsult i Fredrikstad, har haugesundaren jobba ein del stader på Haugalandet. Ho har arbeidt i bank, både DNB og Skudenes & Aakra Sparebank, i Posten, Vassbakk & Stol, på Kårstø, Boligbyggeren i Sveio og Haugaland regskapsservice, Hatteland og Hagland Finans.

Arbeidserfaring i det kommunale systemet har Åse Karin frå to og eit halvt år som førstesekretær i Tysvær kommune. Nabokommunen har t.d. det same økonomisystemet som Bokn. Arkiveringssystemet her i kommunen, Websak var nytt for henne og har vore den største utfordringa, fortel ho.

Dama, som bur nord i byen, seier det var spennande oppgåver som var grunnen til at ho søkte i Bokn. Og når ho ikkje er på jobb går det mykje i lesing, strikking og matlaging. Den største hobbyen er bil, båt og motorsykkel saman med mannen Frank. Dei driv t.d. ein Amcar utstillingsbil, Chevrolet El Camino SS 1987-modell, med 450 hk. Ein onsdag i månaden er det Cruising frå Amanda Storsenter.

Det er også sannsynleg å treffa på henne i Vikedal også, særleg i helger og feriar. Dei har nemleg fast campingvogn der inne.

Bygdabladet ynskjer lykke til i den nye jobben!