Nytt busstilbod

Fv. Bussjåførane Trond Nedrebø og Tom Inge Håland, ordførar Osmund Våga, driftsleiar transport Nord Rogaland Per Ivar Aase, rådgivar transport Jostein Fisketjøn, kommunedirektør Ingeborg Skjølingstad og driftssjef transport, Geir Helge Hagen. - Klikk for stort bileteFv. Bussjåførane Trond Nedrebø og Tom Inge Håland, ordførar Osmund Våga, driftsleiar transport Nord Rogaland Per Ivar Aase, rådgivar transport Jostein Fisketjøn, kommunedirektør Ingeborg Skjølingstad og driftssjef transport, Geir Helge Hagen. Jardar Havikbotn 3. september gjekk startskotet for eit busstransport-tilbod (HentMeg) på to strekningar i Bokn. Hendinga blei markert på kaien i Føresvik.

Ordførar Osmund Våga kom frå Våga med rute 248 og rådgivar transport i Kolumbus, Jostein Fisketjøn kom med rute 249, og markerte at dei første turane var unnagjort.

Informasjonsbrosjyrar til husstandane blei forseinka, og bussane denne morgonen gjekk utan andre passasjerar. 

Trykk for brosjyre (PDF, 207 kB)

Telefonbestilling på 480 25 099 må gjerast minst to timar før avgang. Du kan også bestilla på andre måtar.Første tur: Ordførar Osmund Våga gjekk av bussen i Føresvik kl. 09:40 - Klikk for stort bileteFørste tur: Ordførar Osmund Våga gjekk av bussen i Føresvik kl. 09:40. Jardar Havikbotn

Trykk for meir info

- Tilbodet er for alle, men i første rekke for dei som ikkje køyrer sjølv, og som til dømes har ulike gjeremål på Boknatun, butikken eller andre ting - og vil ta bussen tilbake frå Føresvik kl. 13:35, fortel ordføraren.

Bussane går på desse strekningane:

  • 248: Kro-Våga-Alvestadkroken-Føresvik-Knarholmen
  • 249: Loten-Grønnestad-Føresvik-Knarholmen

Tilbodet gjeld onsdagar og fredagar. Dersom det ikkje kjem inn bestillingar på førehand, vil rutene ikkje bli køyrde den dagen.

Jostein Fisketjøn håpar boknarane vil nytta seg av HentMeg-prosjektet, og seier at dei vil ha eit oppsummeringsmøte om nokre månader.