Nye Bokn sjukestove

Sjukestova 15.02.18.

Nybygget til sjukestova har begynt å reisa seg. Prosjektet skal vera ferdig til jul.

Bilde: Bokn sjukestove 15.02.18

Prosjektleiar Kjetil Eltervaag frå WSP Norge AS fortel at arbeidet har gått framover i tråd med planane.

I forhold til det det som blei presentert i Bokn Bygdablad i desember 2016, er det små endringar for nybygget; det blir bygd sju nye omsorgsbustader og fire nye rom for demente, samt ein sansehage.

Ny bekketrasé

Ny røyrtraséFor å unngå mogleg framtidig flom og for liten kapasitet på dagens røyrtrasé for bekken frå Boknafjellet og ned i Føresvik indre hamn, blei det i samband med grunnarbeidet beslutta å legga om traséen (bildet). For Boknatun og bustadene ovanfor er nå bekken samla i auka røyrdimensjon rett ned mot sjøen. Traséen er ikkje ferdig enno.