Ny kinodag

Bygdekinoen vil frå januar visa kino kl. 17 og 19. på søndagar.

Bilde viser kinoplakaten for 4. januar. - Klikk for stort bileteVelkommen til søndagskino 4. januar. Bygdekinoen

Søndagen som kinodag er eigentleg ikkje noko nytt i Bokn. Bygdekinoen i nåverande form har heldt på sidan 2003, og tidlegare var det ein lang periode med søndagskino i kommunen.

Travle fredagar

Fleire, både blant dei som held vakt og frå publikum, har ei stund ytra ønske om å ha kino på ein annan dag enn fredag, som ofte kan vera litt masete og stressande - der folk også er litt trøytte etter ei arbeidsveke.

Allereie søndag 4. januar er det klart for ny Flåklypa-film og filmen om Bruce Springsteen. 

Berekraftig

Bygdekinoen i Bokn viser klar vekst frå i fjor, med dobbelt så mange besøk og høgare snitt pr. framsyning. Med eit snitt på 12 ligg Bokn på nivå med andre bygdekinoar og blir drive berekraftig, med gode moglegheiter for vidare auke i besøket. (Desse opplysningane kom før årets filmfestival gjekk av stabelen, og tala er truleg enno høgare).