Ny kikkert på Vardafjellet.
Gunnar Solberg
Fjellet, med sine 188 moh, blei besøkt av 1 100 turgåarar i 2024 (+ dei som ikkje skreiv seg opp i postkasseboka). Utsikta er upåklageleg, særleg med ny kikkert.
-Ja, det er berre å ta turen opp og sjå, seier leiar i Austre Bokn Bygdalag, Gunnar Solberg.
Han rettar ein stor takk til Sparebanken Vest, nå Sparebanken Norge, som gjorde det mogleg for Austre Bokn Bygdalag og få ny kikkert på toppen. Bokn kommune var også med via Frivillighetsfondet.