Ny innsamlingsrekord!

Bokn samla inn heile 215 633 til TV-aksjonen 2023.

Bilde av Augustin Øvrebø (6), Audun Ausdal (8) og Adelin Øvrebø (8), som gjorde ein flott innsats i Arsvågen. - Klikk for stort bileteAugustin Øvrebø (6), Audun Ausdal (8) og Adelin Øvrebø (8) gjorde ein flott innsats i Arsvågen. Susanne Øvrebø

Den førre rekorden var frå 2013 med totalbeløp på 205 738 kr.  Det blei også i år sett landsrekord i TV-aksjonssamanheng med nærmare 274 millionar kroner.

Ordførar Osmund Våga takkar alle boknarar for ein fantastisk innsats i samband med årets TV-aksjon.

-De kan vera stolte over at Bokn kom på femteplass i kroner pr. innbyggar! Takk til alle som bidrog, til skulen som laga til basar, til valfaggruppa «Innsats for andre», til bedrifter og organisasjonar som gav eit godt bidrag som alltid, og ikkje minst alle bøsseberarane, både barn og vaksne, seier ordføraren.

Flott aksjonsdag

28 vaksne, 13 barn og ein hund gjekk/sprang/køyrde med bøsser rundt omkring i kommunen. På Boknatun tok kommunekomiteen imot ein positiv gjeng med godt humør, alle med eit felles mål; å få inn mest mogleg pengar til aksjonen. 

Sjølv om folk vippsar meir og meir, er det fortsatt ein del kontantar i husa. 52 989 kr i kontantar kom inn i bøssene. Når NRK la til vippsen som kom inn, blei bøssebeløpet 63 669 kr. Det var også ein del som fekk besøk av bøsseberarar som vippsa til eitt av kommunen sine vippsnummer. Dette beløpet blei registrert som ei gåve (Vipps - Bokn kommune).

Trykk her for å få ei grafisk framstilling over innsamla beløp frå Bokn dei fem siste åra (PDF, 303 kB)

Forklaring til søylene:

Bøssebeløp = kontantar + Vipps 2133 mellom kl. 14-19.
Privat = Vipps utanom bøssetidspunktet, bankoverføring, sms og private spleisar
Annet= regjeringsbidrag som er landsfordelt, gåver som ikkje er næringsliv, lag/org og skuleaktivitetar.

Imponerande gåveliste

Bilde av påtroppande ordførar Egil Våge, som gir bøssa frå ruta Kro-Øyren til avtroppande ordførar Osmund Våga. - Klikk for stort bileteNy sjef: Påtroppande ordførar Egil Våge gir bøssa frå ruta Kro-Øyren til avtroppande ordførar Osmund Våga. Jardar Havikbotn

Gåver frå næringsliv, lag og organisasjonar, skulen, auksjon og nemnde vipps til kommunen blei til saman 133 095 kr.  Alt er samla i ei liste.

Trykk her for å sjå gåvelista (PDF, 554 kB)

Når vippsbeløp (2133 utanom bøssetidspunktet), sms-beløp og regjeringsbeløp blei lagt til Bokn sine bøssebeløp og gåvebeløp, blei altså totalsummen 215 633 kr. Denne summen kan også bli større, dersom det kjem inn meir etter skulebasaren - då Vipps var ute av drift.

Aktuell TV-aksjon

-TV-aksjonen går alltid til eit godt formål, men er desverre ekstra aktuell i år med krig i Ukraina og Gaza, som fører til mange drepte og skada - og mange flyktningar. Eg håpar at alle barna som blir ramma får det litt betre med midlane frå TV-aksjonen, avsluttar ordføraren.

TVA 2024

Kanskje blir det ny rekord allereie til neste år, då aksjonen skal gå til Barnekreftforeningen, der det skal byggast familiesenter i Oslo , Bergen, Trondheim og Tromsø.

Sjå mange flotte bilde frå aksjonsdagen på Bokn kommune si facebookside