Flott skulebasar!

I dag, fredag 20. oktober, var den tradisjonsrike skulebasaren for TV-aksjonen i Bokn Arena. Førebels opptelling viser 39 600 kr.

Bilde er frå skulebasaren 2023. - Klikk for stort bileteFrå skulebasaren 2023. Jardar Havikbotn

Undervisningsinspektør Anne Lisabeth Jøsang ønskte velkommen - og viste ein liten film om årets aksjon. Ordførar Osmund Våga heldt appell før 1. - 7. kl. song årets aksjonssong. Så var det lodd- og matsal - og den gode drøsen.

Basaren 2023 vil kanskje bli best hugsa for at Vipps'en låg nede i heile landet. Me fekk på plass kommunen sin kortterminal. Denne var plassert for seg sjølv, og det fungerte veldig bra at folk gjekk og forsynte seg med mat og lodd, for så å gjera opp for seg ved bankterminal-bordet. Det var også mange som betalte med kontantar.

NRK-besøk

Me fekk også besøk av NRK Rogaland. Det hadde vore eit direkteinnslag frå hallen på radioen litt over kl. 8, og på basaren blei det filma litt. Det er berre å sjå på NRK 1' distriktssending kl. 19:30 i kveld.

Førebels opptelling viser 39 600 kr - eit flott resultat! På grunn av situasjonen med Vipps som var ute av drift, kan det i etterkant koma inn meir frå besøkande som ikkje hadde betalingskort eller kontantar med seg på årets skulebasar.

Nokre glimt frå hendinga (dersom nokon har bilde av koret, vil kulturkontoret gjerne ha dette bildet):