
Statens vegvesen har no lagt fram si anbefaling for traséval for ny E39 gjennom Bokn. Dette er ei viktig sak for heile kommunen vår, og me veit at mange har sterke meiningar og uro knytt til korleis ein ny europaveg vil påverke kvardagen, nærmiljøet og framtida vår.
Eg vil understreke at dette er ei fagleg anbefaling frå Statens vegvesen – det er ikkje teke noko endeleg politisk vedtak.
Demokratisk prosess
No startar den demokratiske prosessen der både politikarar, innbyggjarar og lokale interesser skal bli høyrde.
Me ser at både den tilrådde traséen og trasé alternativ 2 vil få store konsekvensar for fleire område i Bokn. Der ein vil få inngrep i nærmiljø, eigedom og landskap. Andre ser moglegheiter for betre trafikktryggleik og framtidig utvikling. Her vil synspunkta vera delte.
Det er viktig at alle blir høyrde, og at ein får fram både fordelar og ulemper på ein open og ryddig måte for begge traseane.
Grundig behandling
Det er viktig at det blir ein grundig gjennomgang på konsekvensane for begge traséane, få fram lokale omsyn, og arbeide for ei løysing som tek best mogleg vare på både lokalsamfunn, natur og framtidig utvikling i Bokn.
Dette er ei sak som rører ved både heim, identitet og framtidstru.
Planforslaget vil bli behandla både i formannskap og kommunestyret før endeleg vedtak til hausten, og som ordførar vil eg følgja det som formannskap og kommunestyre vedtek.
Bokn er den kommunen som må avstå mest areal i høve til storleiken sin for ein ny veg til beste for storsamfunnet. Då må me òg få vera med og påverka trasévalet, slik at løysinga blir best mogleg for både innbyggjarane våre og miljøet.
Folkemøte
Torsdag 19.02.26 blir det folkemøte i Bokn Arena kl. 1800. Der vil Statens vegvesen gå gjennom planforslaget og visa trasévalet dei anbefaler, og visa korleis ein finn fram til kart og dokument dei har lagt ut på høyring. Dette er Vegvesenet sitt møte, og dei vil styre møtet og avslutte med spørsmålsrunde frå salen.
Etter at møtet med Vegvesenet er slutt, vil det bli ei orientering frå Føresvikvegen 40 AS om utviklinga av Port 5561.