Nasjonaldagsfeiring

Frå fjorårets feiring. Jardar Havikbotn Årets 17. mai-program er klart. Komiteen har lagt opp til ei tradisjonell feiring, men med kortare togrute enn det har vore dei tre siste åra.

Frukost

Tidlegare blei det varsla at frukost-tilbodet på sjøhuset til Lars Magnus Alvestad stod i fare for å gå ut av programmet. Nå har Bokn Arena Event tatt på seg oppgåva. Dei tilbyr frukost frå kl. 08:00 til kl. 10:30. Pris er 100 kr. for vaksne og 50 kr. for barn. Menyen står i vedlagt 17. mai-program.

Dei som ikkje har anledning til å skriva ut programmet (hugs tosidig utskrift), kan henta det på Boknatun, Biblioteket eller Coop Marked Bokn frå måndag 13. mai.

Programmet (PDF, 3 MB)

Beste toginnslag

Også i år blir det premiering, kr. 1.000, til den gruppa som har det beste innslaget i toget. Dei fire gruppene som er med i konkurransen er barnehagen, småtrinnet, mellomtrinnet og ungdomsskulen. Kravet er at gruppa er med i toget heile vegen.

Komiteen vil oppfordra folk til å gå i tog, eller ta godt i mot toget ute ved Bokn Arena, omtrent kl. 12:15 – ha ein fin nasjonaldag!