Møblar til uteområde på sjukestova

I samband med oppgradering av uteplassen utanfor sjukestova, har tilsette i regi av Anja Alvestad gått til innkjøp av nye hagemøblar.

Bildet viser fv. Daghild G. Alvestad frå Bokn Sanitesforening og Janne Elisabeth Ytreland frå sjukestova - Klikk for stort bileteFv. Daghild G. Alvestad frå Bokn Sanitesforening og Janne Elisabeth Ytreland frå sjukestova May Lisbeth Bosvik Fiskaaen

Av May Lisbeth Bosvik Fiskaaen

Då budsjettet ikkje strakk heilt til å kjøpa ønska møblement, vart Bokn sanitetsforening ved Daghild G. Alvestad kontakta med spørsmål om støtte til dette føremålet.

Tiltaket vart støtta med innkjøp av ei ekstra sitjegruppe med heile 8040 kr!

Tusen takk til engasjerte tilsette som legg inn ein ekstra innsats for bebuarane våre og deira trivsel, og til Bokn sanitetsforening for det rause bidraget!