Meddommar og skjønnsmenn - er du interessert?

Klikk for stort bileteMeddommar til  lagmannsrett, tingrett og jordskifterett er ei viktig samfunnsoppgåve som det er ønskeleg at ein får ein brei representasjon av kommunen sine innbyggarar til. 

Har du lyst og er interessert i verv så meld frå til Servicetorget innan 25. mai til e-postadresse: post@bokn.kommune.no

Bokn kommunestyre skal velje føljande:

  • 2 meddommerar til Gulating lagmannsrett ( 1 kvinne og 1 mann)
  • 4 meddommerar til Haugaland tingrett ( 2 kvinner og 2 menn)
  • 4 jordskiftemeddommerar til Haugaland og Sunnhordaland jordskifterett ( 2 kvinner og 2 menn)

Bokn kommune skal i tillegg føreslå 4 kandidatar til skjønnsmedlemmer til Rogaland fylkesting som oppnemner skjønnsmenn frå alle kommunane i Rogaland.

Kven kan vera meddommarar?

Krava til kven som kan veljast til meddommar følger av domstolloven § 70. Personane må:

  • Ha tilstrekkelege norskkunnskapar.
  • Vera over 21 år og under 70 år når valperioden startar (1. januar 2021).
  • Ikkje vera frådømt røysteretten i offentlege saker.
  • Ikkje vera under offentleg gjeldsforhandling eller konkursbehandling, eller vera i konkurskarantene.
  • Vera folkeregistrert i kommunen.
  • Vers statsborgar i Noreg eller eit anna nordisk land, eller har vore folkeregistrert som busett i Noreg dei tre siste åra
  • Elles vera personleg eigna til oppgåva.

Utvala av meddommarar skal bestå av både kvinner og menn, jf. domstolloven § 64. Utvala skal ha ei allsidig samansetning, slik at dei best mogleg representerer alle delar av befolkninga, jf. domstolloven § 67.

Meir informasjon:

Meir informasjon om det å vera meddommar i tingretten eller lagmannsretten finn du her.

Meir informasjon om å vera jordskiftemeddommar finn du her.

Meir informasjon om å vera skjønnsmedlem finner du her. Det er fylkestinget som vel skjønnsmedlemmar, men Bokn kommunestyre skal melda inn kandidatar til Rogaland fylkesting.

Vervet gjeld for perioden 1. januar 2021 til 31. desember 2024.

Er du interessert kan du senda ein e-post til Servicetorget i Bokn kommune  på e-postadresse: post@bokn.kommune.no