Manntalet er lagt ut til offentleg ettersyn frå 15. juli 2025

Val-logo Ukjent

Manntalet for Bokn kommune er lagt ut til offentleg ettersyn i Servicetorget på Boknatun og vil ligga ute til ettersyn til og med valdagen 8. september.

Manntalet er ei oversikt over alle som har røysterett i ein kommune og for å kunne røyste må du vere ført inn i manntalet. Manntalet for Bokn kommune er lagt ut til offentleg ettersyn frå og med 15. juli 2025 og du som røystar kan nå kontrollera eigne opplysningar og eventuelt be om retting av feil.