Lysmarkering

Gry Øvrebø er initiativtakar til lysmarkering 13.06.20 Diverse I samband med at Stafett for livet i år er virtuell, blir det ei lysmarkering på fotballbanen ved skulen laurdag 13. juni. 

Det er Gry Øvrebø, administratoren av Team Rett & Vrangt på fjorårets Stafett for livet, som er initiativtakar. Lysmarkeringa er avslutninga på Kreftforeningens Virtuell stafett 6. - 14. juni. Kvar dag i perioden går folk over heile landet turar saman for å visa støtte til dei som står i kreft. 

Eit hjarte

Gry Øvrebø fortel at markeringa på laurdag går ut på at folk kan kjøpa ein lyspose og skriva nokre ord til menneske som enten står i kreft eller er gått bort. Lyktene vil bli tende og forma som eit hjarte mellom kl. 22 og 01. Folk kan då køyra forbi og sjå på lyktene, eller dei kan stilla seg opp rundt banen med god avstand.

Ho vil sitta ved fotballbanen laurdag kl. 12-15 og selja lysposar (kr. 75). Inntektene går til Kreftforeningen. Folk som vil kjøpa, men ikkje kan på laurdag, kan ta kontakt med henne på tlf. 99 15 66 82.

- Også vil eg oppfordra folk til å gå ein tur på laurdag, seier den aktive dama.

Glimt frå nokre av turane: