Loppemarknad 

Laurdag 15. april blir det loppemarknad kl 11-15 i Bokn Arena Hall. 

Bildet viser plakaten til loppemarknaden. - Klikk for stort biletePlakat, loppemarknad Jardar Havikbotn

Der kan du kjøpa deg små og store ting frå den gamle skulen. Mange lopper skal bort, og her er mykje både for dei nostalgiske og økonomiske.

FAU (Foreldrerådet sitt arbeidsutval) har kafé med sal av kaffi, kaker og anna godt, og elevar som driv elevbedrift vil vera til stades for å reklamera for produkta sine. Det vil også bli mogleg å kjøpa diverse produkt. 

Du kan betala med Vipps eller kontantar.

Stands 

Bokn kommune inviterer ulike lokale frivillige organisasjonar til å ha eigen stand for å informera om kva dei kan tilby.

Me ber dei som skal ha eigen stand om å senda inn ei behovsmelding innan 2. april. Der ønsker me opplysningar om kor mykje plass dei treng (inne i hallen eller utanfor), om dei har behov for straum og eitt eller fleire bord. 

Trykk her for å senda inn mail til bestille@bokn.kommune.no

Det blir oppretta eit event på kommunen sine facebooksider. Der vil det etter kvart koma fleire opplysningar om arrangementet.

Velkommen til ein koseleg laurdag i Bokn Arena Hall!