Kyrkjelydspedagog

Kyrkjelyden har vedteke trusopplæringsplanen ”Kyrkjenær”. Målet er å nå alle døypte barn og unge i alderen 0-18 år med eit årleg tiltak for kvart alderstrinn. Vår visjon er at kyrka skal vere nær i barn og unge sitt liv, og barn og unge nær i kyrkja sitt liv.


Vi søker deg som:

  • trivst med å jobbe med barn og unge
  • likar å jobbe i team og er god til å bygge nettverk
  • kan jobbe sjølvstendig
  • likar utfordringar
  • kan identifisere deg med trusopplæringsplanen Kyrkjenær
  • har erfaring frå kristent barne- og ungdomsarbeid
  • har relevant utdanning for eksempel innan pedagogikk, kristendom, teologi

Personlege eigenskapar vil bli vektlagde.

Arbeidsoppgåver:

  • ansvar for å leie og gjennomføre vedtatt trusopplæringsplan i Bokn sokn, i samarbeid med sokneprest, frivillige og folk i timeengasjement.

Stillinga vil ha kontor på Boknatun saman med kyrkjeverja. Søkjar bør disponere bil.

Vi tilbyr:

  • eit trivelig og dynamisk arbeidsmiljø
  • løn etter avtale og gjeldande tariff
  • pensjonsordning

Søknaden til stillinga med CV, referansar og attestar skal sendast til Bokn sokn, postboks 18, 5561 Bokn, evt. på e-post til janmoi@bokn.kommune.no innan 7. april 2019.

Søkjar som vert tilbydd stillinga må og kunne legge frem politiattest/barneomsorgsattest.

Kontakt soknerådsleiar Merete Alvestad, tlf. 993 57 163 eller kyrkjeverje Jan Magne Moi, tlf. 913 59 668 for nærmare informasjon om stillinga.