Kulturmidlar 2021

Klikk for stort bileteBokn formannskap fordelte i møte 8. juni årets kulturmidlar. Aktivitetar for barn og unge, musikk og idrett med vekt på aktivitetsnivå, medlemstal og årlege utgifter blei prioriterte. Kr 155.000 blei fordelte.

Sju søkarar fekk det dei søkte om; Bokn bedehus, Bokn historielag, Bokn mållag, Bokn pensjonistforening,  Bokn KFUK/KFUM, Bokn musikkorps og Bokn Røde Kors.

Bokn idrettslag, Bokn ride- og kjøreklubb og Bokn sykkelklubb fekk det same som i fjor.

§7-midlane for 2021 gjekk til Bokn ride- og kjøreklubb (BORK); Kjøp av hestehengar.

Oversikt
Lag/organisasjon

Fekk
2020

         Fordeling
2021
Bokn bedehus 3 000 3 000
Bokn historielag 3 000 3 000
Bokn idrettslag 35 000 35 000
Bokn KFUK-KFUM 31 000 25 000
Bokn musikkorps 15 000 20 000
Bokn mållag 3 000 3 000
Bokn pensjonistforening 3 000 3 000
Bokn ride- og kjøreklubb (BORK) 12 000 12 000
Bokn Røde Kors   10 000
Bokn sykkelklubb 31 000 31 000
     
BORK; Kjøp av hestehengar §7-spesielt tiltak 10.000