Korprosjekt - jule/familieførestilling

Boknakoret, 17. mai 2015.I vår inngjekk Boknakoret eit prosjektsamarbeid med koret Aksang frå Aksdal, - og i dag startar me opp med øvingane til det som skal bli ei forrykande jule-familieførestilling i flott harmoni med profesjonelt band og barnesolistar og skodespelarar frå Tysvær kulturskule. 

Konserten vil bli sundag 6. desember på Bokn skule og sundag 30. november i Tysværtunet.

Me tek vel imot nye kormedlemmar dersom det er nokon som har lyst å vera med på dette gildet! Korøvingane går føre seg kvar tysdag, anten i auditoriet på Bokn skule, eller så øver me saman med Aksang på Tysværtunet. Dette blir ein kjekk og givande haust - med mykje "trøkk", songglede og sosial hygge.

Har du lyst å vera med, er det berre å ringa eller senda underteikna ei melding! Velkommen skal du vera!

Om du ikkje har lyst å vera med i koret, håpar me du vil ta turen på konsert :)

Anne Tove Øvrebø
Tlf.: 416 83 344